Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kjennskap og vennskap

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - fredag 20. mai , 2011

Av og til kan eg finne på å seie at eg kjenner nokon sjølv om eg nesten ikkje har snakka med vedkomande. Då bør eg nok nyansere det noko meir. Å seie at ein kjenner nokon, kan vere på ein lang skala frå det å ha snakka med nokon eit par gonger, og nikke til vedkomande kvar gong ein møtest, og til det å  ha mykje kontakt og kunne prate fortruleg.

Eg må vere litt rar av meg for eg reknar ikkje mange som vennar. Ein venn er ein eg kan ringe til når vanskar kjem på, eller det har hendt noko gledeleg som eg berre må fortelje. I mitt vokabular er vennskap  noko meir alvorleg eller nært, enn kameratskap.  Snakkar vi om vennskap og kameratskap, då er eg trygg på at eg kjenner personen eg talar om.

I dag måtte eg tenkje på at ordet vennleg tyder at ein oppfører seg som ein venn overfor folk ein møter. Er du vennleg, så viser du ei positiv innstilling til den du møter. Du viser interesse for vedkomande og personen vil oppleve at spørsmål som korleis har du det, er  ekte.

Venner på Facebook er noko spesielt. Då er er det denne skalaen eg snakka om som  utgangspunkt. Kommuniksjonen vert lite personleg på veggen, men så kan ein chatte med nokon eller sende melding som berre vert mellom sendar og mottakar. Vennskap berre på Facebook vert likevel for overflatisk. Den beste vennen eller vennane brukar kanskje ikkje dette sosiale mediet heller.

 

2 Comments »

  1. Gjøksang Said,

    mai 26, 2011 @ 17:13

    Enig med deg. Og for meg er venner noen jeg ikke blir fornærmet over å ikke høre fra på kjempelenge, for jeg er så glad i dem at jeg nesten kan si at jeg elsker dem.

    Her er en sang om vennskap, Billy Joel, «Italian restaurant»
    http://www.youtube.com/watch?v=po252Jj7P9Q

    – enten man ser på det å drikke som en «synd» eller ikke.

  2. Harald Petter Kalvatn Said,

    mai 26, 2011 @ 21:30

    Veldig bra! Har ikkje Billy Joel på Ipoden. Det må eg gjere noko med:-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php