Follabloggen

Velkommen til min blogg

Måten er beste låten

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - torsdag 19. mai , 2011

Alt med måte. Dette er ei utsegn, eller kanskje det er eit slag ordtak ut frå livsrøynsle. For mykje og for lite skjemmer allting ut, har eg også høyrt. Slike ord kan nok ikkje brukast i alle tilfelle, men dei er gyldige på mange område. Det siste eg las om gjeld svevn. Forskarar i USA (sjølvsagt) har funne ut at for lite svevn er skadeleg. Ja, det visste vi vel, men så har dei funne ut at for mykje er skadeleg det og. Sett slikt! Kanskje eg skal slutte å ta ein lur etter middagen.

I naturen er det skadeleg med for lite regn, og jammen må det vere skadeleg med for mykje også, i alle fall når det vert flaum og jordras. Et ein for lite, er det skadeleg. Det syner seg at mange eldre er undervektige, dei får i seg for lite mat og vitaminer. Så er det dei som et for mykje og vertovervektige, får diabetes 2 og andre lidingar. Trim skal visst vere bra. Det kan ein visst ikkje få for mykje av. Trur ikkje det er mange som meiner at for lite trim er sunt.

Det som ikkje er sunt, korkje i små eller store doser, er rusgifter. Så spørst det om ein og annan likevel treng seg ein liten støyt for å halde livsmot og humør oppe. Ikkje veit eg.

1 kommentar »

  1. Gjøksang Said,

    mai 19, 2011 @ 22:34

    Ja, det får man spørre seg selv om, kanskje?

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php