Follabloggen

Velkommen til min blogg

Du skal ikkje maule!

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - søndag 27. mars , 2011

Eg sluttar aldri å maule. Då vi var små hadde vi lyst å ete av godt pålegg utan å ete for mykje av alt det andre. Når eg har skore opp av den gode Strandamôren, et eg gjerne det som er att av han på påleggsfatet, eller eg tek meg nokre ekstra «høveldrag» av brunosten. Då vi var heime hos mor, kunne vi stele oss til å maule, men vart vi oppdaga, fekk vi høyre det.

I dag er det ingen som legg seg borti det om eg maular pålegg eller andre godsaker. Jau, det er ei som ser ekstra på meg, men ho slår meg ikkje over fingrane eller straffar meg på anna vis.

No sidan eg vart vaksen og eit stykke opp i åra, tenkjer eg at det å maule kan ha sine sider. Det kjem til dømes  an på kva ein maular. Er det ei mauling som fører til meir kolesterol i blodet, eller eit anfall av urinsyregikt eller for høgt blodsukker, då er det mindre helsesamt. Mauling kan kome inn under kategorien eting utanom måltida. Det skal ein ikkje praktisere har eg høyrt. Mykje mauling og eting utanom faste måltid fører til vektauke.

Går det an å maule det som er rennande, spør du kanskje. Nei, for per definisjon så går mauling på fast føde som du gumlar eller geivlar på. Dei som ikkje har høyrt ordet før,  trur kanskje at det kan ha noko med sognamaulet å gjere.  Det har det ikkje.

Eg har stundom tenkt på at mauling kan kome av at ein har ein mangel i kosthaldet eller i kroppen sin fysiologiske tilstand som gjer at ein må ha t.d. ekstra med môr eller hardkokte egg.

I min tidlegaste barndom fekk vi ein dag besøk av eit syskenbarn som var eit par år eldre enn meg. Han var ekstra glad i gjær. Då han hadde fått i seg den dosa som han fann i kjøkenskåpet til besteforeldra mine, kom spørsmålet som eg aldri har gløymt sidan: «Har du meir jeistr, Pettrina?»

 

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    mars 28, 2011 @ 20:23

    Rart. Når eg tenker etter finn eg ut at eg ikkje er ein maular(?). Sidan det ordet ikkje gjeld små-eting og mellommåltid, kan eg berre slå fast: eg maular ikkje. Har aldri tenkt på det før…

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php