Kake
Du kan visst skrive doktoravhandling om mest kva som helst. Eg har ikkje tenkt å gje meg ut på det, men av og til likar eg å filosofere over eitt og anna. Du har vel lagt merke til det. Så har du sikkert også fått med deg at eg ikkje alltid pløyer så djupt, går inn på det etymologiske (tyding og opphav) eller rekkjer trådar langt tilbake.
I dag er ordet kake, cake på engelsk og kuchen på tysk, så er det også sagt. Kake før og no treng ikkje vere det same, det kan også vere ulik tyding ut frå dialekta di.
Når eg høyrer kake, tenkjer eg på noko som er rundt. Pannekaka og potetkaka er rund. Det er også blautkaka, men ho er ikkje flat. Kukaka er nokså uformeleg og kan heller ikkje etast.
I min barndom sa vi ikkje smørbrød, men kakeskive. Ei kakeskive eller eit kakestykke er del av ei kake. Eg tenkjer at brød tidlegare var runde, slett ikkje avlange, og steikte på heller (hellekake) og seinare i ovn. Flatbrød har vi framleis, men no et vi vel for det meste brødskiver. Ordet kake er no reservert for finare bakverk og all verdens småkaker.
No sit eg att med ei kjensle av at «kake»er vanskeleg å definere forma på. Det er i allefall noko som er laga av ei deig der kornprodukt gjerne er ein viktig ingrediens. Alle kaker vert ikkje steikte, og det heile vert meir komplisert når vi blandar inn ordet blodkake, for ikkje å snakke om lortekake.

asmund myhrvold Said,
februar 18, 2011 @ 14:48
Em dame var på besøk i et kakebakeri. Hun la merke til at han som bakte julekaker klasket deigemnet mot sin nakne overkropp slik at en brystvorte laget det lille søkket midt i kaka. Hun bemerket at det så svært uhygienisk ut, og mannen svarte: Da skulle du se han som baker krumkaker, da !