Follabloggen

Velkommen til min blogg

Eit barn er født

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 16. desember , 2010

Eit barn er født i Betlehem,  i Betlehem

No frydar seg Jerusalem.

Halleluja,halleluja!

Det vart mykje lått då statsministeren gav opp Jesu fødestad som Jerusalem. Men stakkars mann, han visste då at også Jerusalem er nemnt i første verset i songen. Der var heller ikkje fødeklinikk i Jerusalem på den tida.

Eg høyrer til mellom dei som meiner det er viktig å halde fast på Betlehem som fødestad for Frelsaren, slik det står hos Matteus og Lukas. For nokre år sidan var det mange innlegg i avisene om kva som var fødestaden for Jesus. Ein kjend teolog meinte at det var likegyldig kvar han var fødd, sjølv meinte han at Jesus  mest truleg var fødd i Nasaret, der han vaks opp.

Eg har filosofert litt over dette med fødestad og fødsel. Det er vanleg at alle menneske har eit lite avsnitt i si livssoge som handlar om fødselen. Ingen hugsar fødestunda, men det vil oftast vere nokon som hugsar og fortel til det til ein.

I leksikale artiklar står det gjerne kvar ein person vart fødd. Ofte ser vi at ein person ikkje har vakse opp der han vart fødd, men det er alltid nokon som synest det er viktig å ta med at Knut Hamsun vart fødd på Garmo sjølv om han budde der berre nokre få barneår. Bjørnstjerne Bjørnson var fødd i Kvikne, men Molde vart heimstaden hans i oppveksten. Barack Obama vart fødd i Honolulu.

Dei fleste har vel eit positivt tilhøve til fødestaden sin. Somme er nok meir patriotiske enn andre, som den bergensaren som sa:»Viss eg ikkje vart fødd i Bergen, kunne det være det samme med hele fødselen:»

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php