Kvar vart du av?

Eg har tenkt på kvar du vart av etter at eg stengde «døra»  for deg. Etter fleire neter med oppvakning etter at du surra mot vindauga, eller beintfram høyrdest ut til å skalle mot ruta, heldt tolmodet mitt på å ta slutt. Det var surt og kaldt med snø i lufta, men likevel heldt du eit liv der ute.

Så fann eg ut kvar du kraup inn i veggen i eit hol ved ventilen på soveromet. Då var det fram med tenlege reiskapar for å få ut ventilen. Gjesten kom ut av hiet og  flaug vekk. Då eg hadde fått tetta att tilkomsten, kom den digre humla att og byrja leite etter inngangsdøra. Då kjende eg at eg vart lei meg. Eg veit då at bieslekta er ei truga art, og eg veit at det er individ som er heilt naudsynte for livet på planeten. Så tenkte eg at humla kunne ha lagt egg inne i glavaen og no var sperra ute. Ei humle som overvintrar vert dronning og skal føre slekta vidare.

No vonar eg at denne humla har funne seg ein ny plass. Ho må gjerne finne seg ein ny plass i huset, men ikkje slik at ho øydelegg nattesvevnen.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *