«Lit på Herren
av heile ditt hjarte,
støtt deg ikkje på eiga innsikt.
Ha han i tankar kvar du ferdast,
så gjer han stigane dine jamne.
Ver ikkje vis i eigne auge,
frykt Herren
og vend deg bort frå det vonde!
Det blir til helse for kroppen,
ein styrkedrikk for merg og bein.
Æra Herren med det du eig,
med førstegrøda av all di avling.
Då blir di matbu rikeleg fylt,
pressekummane renn over
av ny vin.»
Ordtaka 3, 5-10
I dag var dette eit ord til meg. Eg legg ikkje til nokon kommentar. Visdommen talar for seg.