Follabloggen

Velkommen til min blogg

Forfatterarkiv

Farsdag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 9. november , 2025

Farsdag kjem kvart år andre søndagen i november. Eg må vel vedgå at det står ingen stad i «lova» at det skal feirast farsdag. Det var nok forretningsstanden som fann på det heile. I år fekk eg ikkje farsdagskort, men eg fekk ei bok av kona mi. Alle dei femborna har gratulert meg med dagen […]

Måren

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 19. august , 2025

Sjå kva som dukka opp sist søndag på steintrappa i tunet! Det var Bjørg som oppdaga dyret rett ut for stoveglaset. Bur det verkeleg ein mår i tunet? Ei time før sag eg måren på veg til Gamlehuset. Tok eit bilete utan å zoome, men zooma inn og såg at det var ein mår. For […]

Livet er ingen draum

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 7. august , 2025

Eg held på og les ein biografi om Olav H. Hauge. Den har tittelen «Mitt liv var draum». Det kan vere at vi stundom kan seie om ei hending at det var ein draum, eller at noko gjekk som ein draum. Men at livet var ein draum! Han har nok sagt det ein gong sidan […]

Follabloggen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 5. juni , 2025

Ingen kjenner dagen Ei slik utsegn er i beste fall kryptisk. Er det ein stor dag, eller ein vanleg dag? Er det min dag, eller mange sin dag?  Dette er midt i ei veke, første veka i juni. Vermeldinga gjekk ut på fin dag utan nedbør, men så kom det litt regn og seinare ei […]

Brogn med meir

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 21. juli , 2024

Brogn med meir Det var noko faren min kalla brogn. No har eg funne ut at det er det villbringebæra veks på. Som dei vekstane  dei kultivert bringebæra veks på, er det toårige planter. Dei ville bringebæra veks i eit «røde» eller villniss. Bringebæra er gode på smak, dei kultiverte og dei ville, I år […]

Bokmelding

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 16. juli , 2024

Desse mine minste Trilogi; Fonna Vreiden Domen Forfattar: Ivar Mork Bokmelding Før eg las dette trebindsverket, hadde eg lese tre bøker av forfattaren: Reisegalskap I-III . No skal eg ikkje gå inn på innhaldet i desse bøkene, men det må vere greitt å nemne at språk og innhald syner ein forfattar som kan turnere språket […]

Blåbær II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 16. juli , 2024

Blåbær II Vi veit no at blåbær er bra for det meste. Eg veit ikkje om det er rett å kategorisere det som medsin, men det det er godt for kroppen, for immunforsvaret, for blodet, hjarte osv. Når det gjeld sjølve aktiviteten, samlinga av bæra er det også bra for kroppen.  Den første bærturen var […]

Berre blåbær I

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 15. juli , 2024

Berre blåbær I Dei siste dagane har det vore blåbærsanking. Uttrykket «berre blåbær» tyder at det er noko lett eller enkelt, ukomplisert. Å plukke blåbær er enkelt, viss det finst noko å plukke. 2024 kan kallast eit blåbærår, eit kronår til og med. Ein fantastisk mai månad med sommarvarme, gjorde at vi kunne finne mogne […]

To tre

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 17. juni , 2024

Dette treet har eg gått forbi mange gonger, men denne gongen såg eg at her er to med kvart sitt rotsystem, men det kan sjå ut som eitt tre. Treet tll høgre er ei selje og det til venstre ei bjørk. Våren i år kom med mykje varme. Det vart sommar før mai var ute. […]

Pinsetankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 20. mai , 2024

Det er mange tankar som melder seg. Det er mai og vår, varme dagar og kaldare innimellom. Det er ganske tørt. Vi må passe på og vatne det vi plantar ut. Våren kom brått. Skogen står grøn og frisk. Gauken gjel, ropar ut sitt ko-ko. Høyrde han også oppe i fjellet i dag då vi […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php