Follabloggen

Velkommen til min blogg

Grisetankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 20. oktober , 2011

Overskrifta er skriven på normert nynorsk. I dialekta mi heitte det grisetonka. Det tydde ikkje skiten fantasi, slett ikkje. Den som hadde grisetonka var urealistisk av seg, hadde overdrivne førestellingar om kva han eller ho kunne få til. Eg har tenkt meg at ein ikkje hadde altfor høge tankar om grisen si tankeverksemd, åndsevner eller meir fysiske ferdigheiter. Uttrykket har eg ikkje høyrt sidan eg vandra ut og inn dørene i min eigen barndomsheim.

Kanskje du trur at eg var utsett for stendig dukking då eg vaks opp, at jantelova var praktisert i tide og utide. Du må ikkje gå rundt og tru at du er noko.» Slutt med dissa grisetonkane, Harald». Nei, eg høyrde aldri noko slikt, men det gjekk meir på daglegdagse omstende. Når eg no tenkjer etter, så er det i grunnen bra at dette uttrykket ikkje vert brukt meir. Ein kunne heller bruke det om alle desse som serverer oss tvilsame program på TV, og dei som nyttar sosiale medium til å formidle sin eigen skitne fantasi.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php