Om å spare på kreftene
Her ein kveld måtte eg berre sjå programmet der verda sine sterkaste menn konkurrerte om å bli den sterkaste i verda i 2011. Du verda for nokre kjøtberg og for prestasjonar. Eg vart særleg fascinert av øvinga der dei kasta små tønner der dei tyngste vog 24 kg. Utøvarane stod med ryggen mot ein vegg som var 4 m høg. Dei skulle kaste tønnene bakover og over denne veggen. Det var sjølvsagt nokre meter bak til veggen elles ville dei få tønnene i hovudet viss dei ikkje hamna på andre sida av veggen. Eg la merke til at utøvarar kasta dei første tønnene både høgt over og langt på dei første kasta, men så røyna det på mot slutten. Då tenkte eg at det kunne vere lurt å spare litt på kreftene i starten. Her var det snakk om å få alle 10(?) over og på kortast mogleg tid.
Eg ville sjølvsagt ikkje ha ein sjanse i havet i ei slik konkurranse, men det er no moro å sjå på slike tevlingar. Faren min brukte å seie at «tek du ein vanleg mann ut av ein slik kropp så vert det ikkje mykje att». Ei fattig trøyst kanskje for den som kunne tenkje seg å sjå ut som ein muskelmann.
Er det viktig å spare på kreftene? Eg veit at det er folk som ikkje har noko val. Skal dei greie å kome seg gjennom dagen, må dei spare på kreftene og kvile ofte. Folk med kronisk utmattingssyndrom høyrer nok til mellom desse. Skal vi som er i rimeleg god form også spare på kreftene?
Eg hugsar ein mann som hadde nokre veldige fakter når han arbeidde. Store «veburdar» kunne ein seie. Det var mest som han kunne slite seg ut med desse rørslene. Andre kan utføre mykje utan at det viser så mykje på rørslene. Kanskje får dei ein del fysisk trening gratis dei som har store arm og beinrørsler. No er det ikkje i alle yrke at fysisk styrke er så avgjerande, og i dagens samfunn er det få som treng å bruke så mykje muskelstyrke for å utføre eit arbeid.
Til no har eg vore svært einsidig. Krefter har ikkje berre med musklar å gjere. Arbeidskraft og arbeidsevne har også dei som ikkje har så mykje musklar. Kan vi også snakke om «åndelege musklar»? Skal ein spare på alle slags krefter? Eg har ikkje noko godt svar, men eg høyrer av og til om folk som råkar «veggen». Ein av grunnane til det kan vere at ein ikkje » har spart på kreftene.»
