Dausning
Eg er nok litt hekta på ord. Det er ikkje slik at eg samlar på dei, men av og til må eg fundere over ord som dukkar opp i tankane. Så har det hendt at ein av grannane lirar av seg eit ord eg aldri har høyrt før, dialektord altså. Då må eg ofte be han take oppatt ordet.
Ein dag stod faren min framfor kjøkenglaset. Då kom det eit ord eg aldri har høyrt brukt, korkje før eller sidan: «Eg står og dausnar!» Det skulle gå mange år før dette ordet dukka opp att. Det er eit ord for å sjå! Det er truleg eit ord for å stire på ein litt passiv måte. Sjå ut i lufta, kanskje, mest som ei slags stiring. Viss nokon stira veldig, sa vi ofte før at ein fekke «saudestiren». Har du saudestiren ser du nok ikkje særleg oppvakt ut. Når folk får seg «ein stir», då ser dei noko som er litt overraskande, eller uvanleg. Ja, slik kan ein halde på, og det kjem eg nok til å gjere.
Viss nokon av dei som les bloggen min, har kommentarar eller spørsmål til ord eg nemner, vil eg vere glad for tilbakemelding og kommentar.
