Indian Summer
Det er glede i Sør- Noreg over nokre dagar med sommartemperaturar. Potetbøndene kjem seg ut på åkrane med opptaksutstyret og kanskje kan også noko av kornet nyttast i allfall til dyrefor. Meteorolagane karakteriserar veret som Indian summer. Fo å kunne kallast så. må ei slik varmeperiode kome etter haustjamdøger. Ja, det held så vidt. For mange år sidan las eg «Pan» av Knut Hamsun. Der var det eg først vart kjend med uttrykket. Eg har lurt litt på kvifor indianarane er innblanda i uttrykket, og det er det fleire teoriar om. Det er vel ingen grunn til å rope: «Indianarane kjem!» i dag, men det var ein gong ein realitet.
Turen i dag gjekk til Aurstadsetra og vidare til Årsetsetra. Frå sistnemnde har ein god utsikt innover Austefjorden. På Aurstadsetra var det folksamt. Det var kjekt å møte elevar og lærarar her, og eg har mange minne frå haustturar til denne og andre setrar.
Det ser ut til å bli lite haustfargar i år, for mykje av lauvet har allereie visna. Blodlønnen og hjartetreet i hagen bøter på ein del av saknet.
Eg streva svært med å få lagt ut bilete denne gongen og måtte redusere talet på pixlar for å få programmet til å godta biletet. Sjølv tykkjer eg at det minner litt om dei nasjonalromantiske bileta :-)

