Fall ikkje i(med)stavar
I går gjekk turen til Norddalen. Det var mitt framlegg å gå opp i Lisjedalen, men då vi kom dit, var ikkje kona nøgd, ho ville vidare til Norddalen. Det vart slik, og heile turen til Norddalen frå start ved skulen tok 2timar nett slik det står i boka «Fotturar på Sunnmøre». Det som no mest tydeleg viser at vi ikkje er unge lenger, er at vi brukar like lang tid på returen. Vi set ikkje rekordar lenger, men tek tida til hjelp som det heiter. No har eg også fått meg stavar som er gode å ha både oppover og nedover. Ekspeditøren sa at eg ikkje måtte bruke stavane til støtte! Det kunne føre til at eg fekk dårlegare balanse. No har eg ikkje tenkt å bruke stavar når eg går landevegen, berre når eg er til fjells. Vinje skriv om «Fjøllstaven» sin, og det same kan eg gjere om det tekniske hjelpemiddelet eg har fått. Før var det berre gamle folk som brukte stav eller stokk, no kan også unge nytte stav eller stavar.
Det er eit uttrykk som heiter å falle i stavar. I gamle dagar var bøtter laga av stavar og bundne saman av vidjer. Når materialane i bøtta tørka , kunne bøtta falle saman. Fell du i stavar tyder det at eitt eller anna har fått deg til å bli heilt perpleks, det stansar heilt opp for deg. Uttrykket har såleis ingen ting å gjere med at ein brukar stavar for å kome seg trygt fram.
Bak stavane mine ved rasteplassen i Norddalen kan vi sjå «Storetinden». Det er eit turmål for dei som er eit hakk sprekare enn kona mi og eg.


Tue Duc Nguyen Said,
september 24, 2011 @ 07:43
Dere er fortsatt spreke etter mine erfaringer svigers;) Jår gjerne tur med deer igjen:)
Tue Duc Nguyen Said,
september 24, 2011 @ 07:47
Det jeg mente var; JEG og ikke Jår tar gjerne en tur m dere igjen ;) ikke lett å skriv m en iPad som bare kommer med idiotiske ordfordslag uten at du ber om det!
Harald Petter Said,
september 24, 2011 @ 10:36
Takk for respons! Eg forstod kva du meinte, men det gled ein gammal norsklærar at du fann grunn til å rette på lapsusen:-)