Follabloggen

Velkommen til min blogg

Slutt med…

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 17. september , 2011

«Du må slutte med å….» Kva det var eg skal slutte med, er ikkje så viktig. Det som er poenget, er at eg av og til får høyre at det er noko eg må slutte med. Det var ikkje kona som kom med oppmodinga denne gongen, men det var ein i familien som også  vil meg vel. Sjølvom det berre er snakk om ein uvane eg har lagt meg til slik til dagleg. No prøver eg alt eg kan, men grip meg i at eg utfører nett den rørsla som  eg vart beden om å slutte med. Det er ikkje så greitt!

Livet har mange sluttfasar og startfasar. Det ligg spenningar i det. Eg har slutta med noko og byrja på noko så lenge eg kan hugse. Eg kjenner folk som har slutta å røyke fleire gonger. Av og til er det slik at  å slutte med noko, er naudsynt for at ein skal kunne halde fram å leve. Slike drastiske val har eg ikkje hatt. Dei har vore av det meir prosaiske slaget.

Eg har ikkje angra på at eg slutta i skulen då eg var 63. Det var eg sjølv som tok den avgjerda fordi eg kunne tenkje meg å fylle tida med andre gjeremål. Det var ikkje som med den uvanen eg har. Eg har ikkje gløymt meg ein einaste dag og reist til skulen. Nei, det var no heller ikkje ein uvane eg skulle venje meg av med.

No har eg også eit anna lite problem: Eg gløymer å drage kammen gjennom håret om morgonen, og set meg til frukostbordet med ruskut frisyre. Men no veit eg kva eg skal gjere for å kunne hugse det.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php