Å klutre
I dag vil eg skrive om noko som er berre triveleg. Frå min barndom hugsar eg ei grannekone som brukte ordet klutre så ofte at eg alltid kjem på det ordet når ho kjem i minnet. Ho sikta gjerne til at vi sat og putla med eit kvart vi borna. Når du klutrar så har du eit lett arbeid føre deg. Små born som leikar med lego, klutrar. Dei sit kanskje og lagar lydar også, pludrar, og i følgje nynorskordboka kan klutre også brukast om slik aktivitet.
Eg trur ikkje at eg klutrar så mykje no for tida. Skal eg gjere eit arbeid, legg eg nok meir energi i det. Dersom eg likevel klutrar, kan det kanskje vere at eg får meg pålagt eit lett arbeid medan eg ser på fjernsyn. Det har hendt at kona mi har lagt bort til meg noko eg skal rekkje opp på eit kledeplagg. Å sy i ein knapp på skjorta eller buksa, hender det at eg gjer utan vidare, men framfor ei ei slik klutring må eg tre i synåla og det er noko av det vanskelegaste eg gjer. Det kallar eg ikkje klutring.
