Follabloggen

Velkommen til min blogg

Skulestart

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 22. august , 2011

No har nok alle grunnskulane opna for nye og gamle elevar. Det er rart å tenkje på at eg i mange år hadde gleda av å ynskje unge vonfulle born velkomne til skulestart. Det er merkeleg, men no er den tida gamle dagar for meg. Livet er meiningsfullt utanfor skulen også!

Eg har sjølvsagt meiningar om skule og skulepolitikk, men eg har ikkje nokon trong til å dytte på andre mine synspunkt. Skulle nokon spørje meg om råd, ville eg truleg svare, men eg kjenner meg avskilta. Det må likevel vere lov til å undrast over det som skjer i samfunnet.

Den kommunale fattigdommen fører til nedlegging av mange bygdeskular. I svært mange høve fører det til at foreldre startar skular i eigen regi. Kommunepolitikarane er ofte i ein vanskeleg situasjon når budsjettet skal setjast opp. Det er ein tankekross at mange har ein god privatøkonomi medan mange kommunar slit. Det er fleire grunnar til det, og ein kan ikkje berre skulde på små rammeløyvingar frå staten, men også på at ein altfor stor del av kommunebudsjettet er bunde opp med renter og avdrag.

Eg var innom den skulen eg kjenner best til no i vår. Då hadde alle på ungdomssteget eigne datamaskiner. Dei er nok ikkje kjøpte over kommunebudsjettet.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php