Follabloggen

Velkommen til min blogg

Berre blåbær

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 17. august , 2011

Det er nesten sant: Sidan i går har det vore berre blåbær. Eg har aldri forstått kvifor folk seier om noko som er svært enkelt at det berre er blåbær.

Eg likar blåbær og det trur eg dei fleste gjer, men det er  ikkje mange som går i skogen og plukkar. Eg har vore van med å plukke sidan eg gjekk i kortebukse. Det var ein slitsam dag den dagen vi var oppe i setredalen og plukka. Då vi kom heim, var det å reinske bæra. Når eg låg om kvelden og skulle sovne, såg eg berre blåbær når eg let att auga.

Det var ein dårleg blåbærsesong i fjor. Vi brukte fire gonger så lang tid på å reinske bæra som vi brukte på å få dei i hus. I år er det endå ringare. Når eg såg ned i ei skål med ureinska bær, såg det omlag slik ut som det avfallet ein kastar etter reinskinga i eit normalt blåbærår. Det var ingen vits i å bruke støvsugaren og den blåbærreinskaren vi har.

Det var ei stor lette å bli ferdig med reinskinga. Plukkinga var berre blåbær mot det som venta etterpå. Nei, det er ikkje berre berre å satse på blåbær når åringen er så ring. Men det skal bli blåbær til pannekakene komande vinter òg.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php