Ein skatt
I går fekk eg eit nytt møte med det som vert kalla Rundeskatten. Eg har vore på Runde fleire gonger før, men i går vart det litt spesielt. Sidan sist har det kome opp ein ny institusjon kalla Runde Miljøsenter. Her er no den delen av Rundeskatten som var plassert på Bergens Sjøfartmuseum, plassert. Det var fascinerande å sjå alle gullmyntane og sølvmyntane som låg nede i monteren. Det var tre menn som fann skatten i 1972. Då hadde han lege på sjøbotnen sidan 1725. Skuta «Akerendam» forliste på jomfruturen. Det hollandske skipet skulle til Aust-India og hadde med 19 kister med pengar. Fem av kistene vart funne etter forliset.
Eg måtte tenkje på dei 200 ombord. Alle omkom ved forliset i Kvalnesbukta. Eg veit at folk som budde på kysten og fekk slike ulukker innpå seg var opptekne av verdiane i det som dreiv i land og det som dei elles fann. Folket på Runde tykte nok også det var tragisk med lika som flaut i sjøen etter forliset, men samstundes må vi hugse på at levekåra på denne tida var slik at ein gledde seg over vrakfunn.
Kva er ein skatt? Vi kallar pengar, gods og gull for ein skatt. For meg vart synet av skatten på Runde og alt som hefter ved den, til tankar om kva som kan kallast ein skatt. Eg vil ikkje at det skal hefte ulukke og sorg ved ein skatt.
