Follabloggen

Velkommen til min blogg

Fredag

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 12. august , 2011

«Fredag er ikkje veka lik».Dette er ei gammal utsegn som gjev seg ut for sanning. Er det styggver i fleire dagar, skulle det då bli finever på fredag. I ei fineversveke skal det då vere verbyte på fredag. Noveit vi at fredag kan vere ein vond dag, men det er inga lov som seier at det skal skje ulukker på denne dagen framfor alle andre. Det skriv eg sjølv om 22. juli var ein fredag, ein dag som vil gå inn i historia vår som ein tragisk dag for mange.

No er det tydelegvis mange som synest at fredag er ein særleg gild dag fordi det stundar til helg. Endeleg fredag! Eg forstår veldig godt dei som har ein krevjande jobb. Det er også ein del som ser fram til helga fordi dei ikkje opplever vekedagane som meiningsfulle. Det vitnar ikkje om god livskvalitet at ein trivst berre i helgane.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php