På nett med ny pc
Eg har brukt datamaskin heilt frå tidlegt på 80-talet, men eg har aldri eigd ein såkalla laptop. I dag kjøpte eg ein. Det var eit lynblink som var årsaka. No ja, eg hadde tenkt å skaffe meg ein sidan kona no har vorte pensjonist. og det vert meir konkurranse om maskintilgangen. Den stasjonære vart levert inn til reparasjon i same slengen. Eg var i Oslo under toreveret onsdagskvelden for ei veke sidan. Eg er ikkje kravstor når det gjeld programvare, så eg har installert Office 2003 med ei viss oppgradering.
Det eg vil hugse frå dette hovudstadsbesøket, er sjølvsagt etterverknadene frå terroråtaka.Elles var eg på Historisk museum og såg på Øtsi, mannen som vart funnen i Alpane etter over 5000 år.

Idunn Said,
august 10, 2011 @ 22:53
Ny maskin og ny blogg:) Endeleg!