Follabloggen

Velkommen til min blogg

Torever

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 7. juli , 2011

Torever er alltid litt skremmande, i allfall vert ein meir på vakt enn elles. Då vågar eg heller ikkje å setje meg til datamaskinen. I staden dreg eg ut alle vitale kontakter og ventar til det har roa seg.

I går kveld blei det eit anna lys ute. Den grøne fargen vart sterkare og lysare og det mørkna til på himmelen. Så høyrde eg det første braket bak fjella i nordaust og tok mine åtgjerder. Med kvart vart det blink, brak og rabalder. Eg måtte lyde etter lyden i torebulderet. Det er faktisk variasjonar i skrell og dundring. Det har sjølvsagt også noke å seie at vi bur mellom fjell.

Ofte når det er torever må eg tenkje på korleis Arne Garborg skildra eit torever. Her er det ei levande skildring av sjølve toreveret, men også ei sterk indre oppleving merkt av redsle: » Austhimilen svartnar og svartnar; alle skiftingar av svart er der: ljost gråsvart, tungt gråsvart, likiste-blåsvart, halvgrønt-blåsvart; eg såg aldri slikt. Men frå nordvest stend det liksom ein ljoske, ein uhugleg, unatturleg ljoske; det er ikkje skin av sol og ikkje av måne, det er som himilen attum skylage stod i brand. Slike fargar var det i mine rædde barndomsdraumar om domedag. » Dette er sjølve opptakta før det heile brakar laust. » Midt nedi lii er eg komen; då blenkjer det fram or himil og jord- bråkvasst, brennkvasst – eit hav av eld, blågul, blåkvit, verdi fuld av eld; eg stend der blind og fortumla. Hjarta kvelver seg rundt oppe i halsen på meg; fyrr eg fær samla meg att bryt tora ut i ein fæl smell, ein skakande, ein grunnsmell, so jordkula liksom gjev seg på aksen sin. Brake breider seg burt gjennom alle himlar, med skrell og skot, i lange, skakande rullingar, i tvere, bratte sprang; jagar skangrande og brultande fram etter åsryggine med smelling og brot mot bergsidur og berghamrar og ramlande atterslag frå hausar og høge fjell Så sturtar det ned, fossar, susar, sjoar med regn; himilen slepper seg ned i brå fluam, i vill, skræmeleg syndflod. Og laust gjeng det med skimt i skimt og smell i smell; det er ragnarok; eg spring som for live.»

Toreverskildringa står i Kolbotnbrev. Garborg hadde ei hytte i Kolbotnen i Østerdalen.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php