Follabloggen

Velkommen til min blogg

Sunndalsnipa

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 5. juli , 2011

 

Etter alt regnet og skodda er Sunndalsnipa atter synleg. Det er kveldssol på det 1396 m høge fjellet. Eg var berre ut på tunet og knipsa kl 22.40. Mange er dei bileta som har vorte tekne med dette majestetiske fjellet som bakgrunn.Det er vårt Matterhorn.

For dei som likar fjellturar er dette eit mål både sommar og vinter. Sidan eg ikkje er nokon utprega alpinist, vert det  på beina og sommarstid, helst seinsommar eller tidleg haust. Veret kan skifte fort her vestpå så ein bør vere rimeleg trygg på at veret held seg godt ein heil dag. Er du rimeleg sprek går du til Nipa på ca 3 timar frå Grøndalen. Det er opp frå andre sida til høgre.  Er du sterk i hovudet og elles i god form kan Nipa forserast frå denne sida, frå Haralddalen. Den brattaste sida vender vestover og her er det ca 1000 m rett ned.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php