6190 Bjørke
Utviklinga av grendene innanfor Storfjord sokn er typisk for det som skjer i Bygde-Noreg, men her er også trekk som er særmerkte for denne vesle delen av kongeriket.
Eg skreiv eine dagen om dette midtsommarblotet som skulle gå av stabelen. Det synte seg lukkelegvis at tittelen ikkje var så alvorleg meint. Fredagskvelden fekk eg vere med på ei god stund i Notanaustet. Det var rett nok litt kaldsnekje, men programpostane fengde. Arrangøren hadde henta ei dame frå Hornindal. Ho kvad vakre tonar til gode tekster. Festspeldiktarenav året, Bjørn Sortland, las frå ei av bøkene sine og reiv tilhøyrarane med seg i den levande og humoristiske skildringa av ei 13 år gammal jente. To av bygda sine menn fortalde om notbruket. Det var ei soge om levekåra til folket her i fjordbygda før den store kraftutbygginga som kom til å endre på så mykje. Før myggen jaga meg heim, fekk eg også kjøpe litt mat og kaffi.
I dag var eg og kona til Bjørke på det eg nesten vil kalle ein ekskursjon. Det er rart å tenkje på at denne vesle bygda med 110 menneske kan få til såpass mykje. Gardsdrifta i grendene har gjennomgått den beinharde rasjonaliseringa. Det er få gardar att som har eigne drivarar. Her vert det slege ned gras som så vert rundballa. Kvite» traktoregg» ligg strøydd på markane. Vi var innom postkjellaren, staden der postkontoret var. No er det eit lite museum, men det er også salsstad for dei produkta ei av etterkomarane i huset har laga. Ope kvar søndag for besøk. Butikken er nedlagd, i min barndom var her to. Her har det vore søndagskafe og sal av heimelaga tekstilar- og kunst. I år måtte eldsjelene flytte til bedehuset. Der var vi og såg, og kjøpte oss rømmegraut. Høgdepunktet var likevel besøket på Bakketunet på Aakre, ein gammal gard, nærmast ein husmannsplass. Gamle hus som er sette stand av ei ung kvinne som held på å gjere det til eit lite kunstsenter. Her var det også mogleg å kjøpe seg brentsnut. Her kunne vi sjå på kunst og installasjonar. Det var ikkje berre av Marita Bett Jensen, men og andre. Her er døme på kva ei nederlagsdømd bygd kan leve vidare på. Posten er borte, skulen er nedlagd og skal ein på butikken, er det over ei mil til næraste. I dag var vi ikkje innom låvesalet til Ole Jørgen. Han har ei mengd med antikvitetar han har samla saman og byd på.
Bjørke fekk hotell på slutten av 1880- talet. Det vart etter eit par år flytta til Os ved Bergen. Seinare vart det bygd eit hus der det vart drive litt restaurantdrift. Kyrkja i Storfjord sokn vart bygd i 1920.
På veg heim stansa vi på Rørstad eller Raustad som folket seier. Der var det m.a. Open gard og ein stad der det var utsal av klede og tøystoff. Her er to gardar som har spesialisert seg på hest, men i dag var vi mest interesserte i å treffe folk, og det gjorde vi sanneleg.
På Bjørke kunne ein fram mot sekstitalet sjå ein stolt foss. Han vart utbygd og no trudde nok mange at bygda skulle bløme. Det gjorde ho også i nokre år, men så starta forgubbinga. Tussaselskapet bygde eit symjebassent til bygdefolket. Nedanfor det var ein telefonkiosk. Den ville Telenor leggje ned, men då vakna bygdefolket og lenka fast Prillar-Guri, som han vart kalla. Dette vart ein av attraksjonane til Linda Eide. Den fjerde beste, visstnok.
No har eg ikkje skrive om Marinaen på Bjørke som vart opna i går. Det var visst fole stas. Eg tok heller ikkje del på festen i Notanaustet laurdagskvelden. Trur ikkje det var noko for meg, korkje musikken eller «tilbehøret».
