Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ordbok i banning

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 24. juni , 2011

Cappelen Damm gjev ut ei ordbok i banning der målgruppa er barn og ungdom. Det kan vere mykje som provoserer i vår tid, men det er lite som overraskar. Eg er likevel noko forundra over dette konseptet. Ein kan sjølvsagt spørje seg om kva som er poenget. Det kan  vere nok ein måte å tene pengar på noko som ikkje gagnar. Her er det fem forfattarar som skriv, og dei har  sjølvsagt hatt det moro medan dei arbeidde med saka. Sidan dei kvar for seg ikkje har kunna alle dei orda dei har samla inn, har dei nok drive research. Dei har stilt spørsmål om kva han eller ho seier når han eller ho råkar tommelen i staden for spikaren, eller sparkar tåa i eit stolbein. Noja, eg har kjent folk som ikkje kan seie ei einaste setning utan å bruke eitt eller fleire bannord. Livet har lært meg at det ikkje nyttar å irettesette folk som bannar. Det avlar gjeren endå fleire banneord.

Vi har trykkefridom i landet, men må ein difor trykkje ut av seg allslags skit. Skal det no bli slutt på at elevar som bannar, må skylje munnen sin i såpe, eller få merknad, bli kasta på gangen eller anna uhøveleg straff?

Det som likevel undrar meg mest, er at folk no skal lære seg nye bannord. Er det noko som er fole lett å lære, så er det bannord. Det kan mange born før dei snakkar reint. Kven har dei lært orda av trur du?

Sidan eg er pensjonist er det smått med kva eg kan gjere, men eg kan no seie meininga mi sidan det er tale- og trykkjefridom.

Eller som han sa ein eg arbeidde i lag med for femti år sidan: «Moralen synker for hver dag.»

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php