Follabloggen

Velkommen til min blogg

Mot mørkare tider ?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 21. juni , 2011

Det har fram til no gått den rette vegen. Lengre og lengre dagar, fleire og fleire soldagar! Stryk det siste. I dag har det vore sol, men eg måtte ha gensaren parat, ute. Likevel betre enn alt det våtsame. Men det var dette med dagane som kjem. Vi lever i vona, vona om varme. Reis til Kreta! Ja, kanskje det. Frå i dag er også kona pensjonist,  ho kjem snart heim med takk , blomar og vase frå kommunen. Så vankar det også nokre kroner frå den same kommunen, Kjem vel også nokre skattepengar snart. Pengar er det forresten nok av.

Så måtte eg få ei forkjøling etter at bryllaupet til Solgunn var over. Sommarforkjøling etter ein vinter utan snev av snår. Det fekk eg etter at anfallet av urinsyregikt hadde gått over. Ein kan, som eg har sagt så ofte før: «Ein kan ikkje plitte seg!»

Eg skulle ikkje sitje inne no når sola er ute. Viss eg no likevel må sitje inne, var det vel betre å sjå på NRK 2. Kvifor har eg ikkje sete og lege framfor fjernsynet og sett på stamnen til snøggruteskipet? Litt har eg sett, mellom anna då båten kom til Bodø. Såg dessverre berre framande folk på kaia, glade folk forresten.

Har eg gløymt kva som står i overskrifta, seier du?

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php