Follabloggen

Velkommen til min blogg

Gift og velflidd

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 13. juni , 2011

Dette er eit uttrykk som kom føre meg etter hendingane dei siste dagane. Å vere gift og elles presentabel,  må vere positivt. Før var det også snakk om å vere godt gift. Som regel tydde det at ein hadde fått ein partnar som sat godt i det, var rik på gods og gull. Det kunne vel også tyde at det var ei lukkeleg kopling og ikkje berre ein måte å bli forsørga på. Eg har likevel ein mistanke om at det oftast var  den første tydinga som gjaldt.

Eg kan i dag trygt seie at det på alle måtar var ein stor festdag sist laurdag då minstedottera vart ført fram til koret i den vesle kyrkja vår her i fjorden. Det er delte meiningar om faren skal føre dottera fram til brudgommen. Ut frå det stilte eg spørsmål om det skulle vere slik denne gongen, og det var visst ikkje diskusjonstema. Det vart ei ugløymande hogtidsstund i kyrkja, og festen etterpå vart og minneverdig.

I dag reiste det nygifte paret attende til Oslo og kvardagen. Solgunn og Tue er gifte og velflidde.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php