Follabloggen

Velkommen til min blogg

Sommar

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - onsdag 1. juni , 2011

Når sola skin på syrin som har venta på opne seg, då er det vel sommar?. Var det ikkje for angen,  så valde eg like gjerne rogn eller hegg. Det er angen som dreg insekta til seg,  seier du. I regnfulle dagar vert blomstringa kort. Elingane har stått i kø siste dagane, men i dag gløttar sola fram.

Til venstre i biletet ser vi Hjartetreet som vart planta då svigermor gjekk bort. I år står treet så vakkert og skaper kontrast i alt det grøne. Ho gjekk bort 1. juni for 15 år sidan. 1. juni er spesiell også av ein annan grunn. Eg får minnest far min som så brått reiste frå oss også  på denne datoen,  for 31 år sidan. Syrintreet har rot frå eit tre som står ved husveggen på heimegarden.

Eg får ta i mot sommaren og late gleda strøyma inn i hjarte ved synet av alt det vakre, og samstundes late minne og vemod få rom.

 

2 Comments »

  1. Gjøksang Said,

    juni 2, 2011 @ 07:15

    Er det sant? Bor du så «vakkert», for å si det enkelt. Så nydelig!

  2. Harald Petter Kalvatn Said,

    juni 2, 2011 @ 08:48

    «Berre lekkert» :-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php