Follabloggen

Velkommen til min blogg

Minneord om Peter Samuel Hallaråker

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - søndag 29. mai , 2011

Bloggane mine vekslar mellom alvor og skjemt. I dag er det alvor som er grunntonen. Eg er glad for at eg lærte mannen å kjenne, men no kjenner eg mest på sorg over tapet av ein klubbkamerat og tidlegare lærar. Han gjekk ut av tida for to dagar sidan i ein alder av 78 år.

Peter Samuel, som var det fulle namnet hans, møtte eg første gongen på lærarskulen. Då var eg 18 år og han var 29. Han vart klassestyrar, og eg hadde han i norsk og engelsk. Etter to år vart det skifte. Eg hugsar han som ein grundig og dyktig pedagog som gav oss elevane eit godt grunnlag. Eg hugsar elles at det gjekk an å prate med han om vi møttest på vegen. Det var ikkje så vanleg den tida at elev og lærar kunne snakkast utanom skuletimane slik.

Han steig i gradene i undervisningssystemet og vart til sist ammanuensis innan norskfaget. Ei tid var han ved eit universitet i USA og  ei tid ved eit universitet i Bologna, Italia. Han gav ut fleire bøker og var særleg interessrt i namnegransking.

I fleire år møttest vi berre sporadisk i Voldasamfunnet. Han var politisk interessert og engasjert og partiet hans var Venstre.Då den politiske vårløysinga kom i Aust-Europa, engasjerte han seg sterkt for tilhøva i ein by som heiter Filiasji i Romania. Han var med og samla inn midlar til institusjonar der.

I 1999 vart Volda og Ørsta Y`s Men stifta og vi vart båe med der. Peter tok sin tørn i styret med å vere president og elles var han i fleire år med i den nemnda som sette opp program for møta. Peter var oppteken og engasjert på mange felt og var vel orientert. Eg veit ingen som så ofte har hatt gode spørsmål å stille til dei ulike føredragshaldarane vi har hatt. Vi kjem til å sakne han i klubben.

Peter og kona fekk ei tung sorg då dei miste  ein av sønene i ei forferdeleg bilulukke for ein del år sidan.

Eg tenkjer meg at eg reiser ein bauta over denne mannen. Det er ein av dei eg har hatt som eit førebilete i livet. Han var ein intelektuell mann til fingerspissane, men han hadde også ei trygg tru sjølv om det ikkje var hans stil å gå rundt og snakke så mykje om det. Vi visste kvar vi hadde han.

Fred over minnet ditt, Peter Samuel!

2 Comments »

  1. Tor Hallaråker Said,

    juli 22, 2011 @ 16:54

    Tusen takk for desse varme og gode orda om pappa.

  2. Nils Johan Hallaråker Said,

    august 19, 2011 @ 23:41

    Hei Tor !
    Eg er lei meg for at far din er død. Såg det først i kveld.
    Noko av det eg minnest om Peter var at han lærde meg å skyta med rifla; mot eit steindaudt mål på Holmen i Søgardsvikjo; han var i uniform. Eg var pitte liten.
    Dinest har eg alltid sett pris på stadnamnanalysene hans,
    dei har hjelpt meg å hugsa, og bøkene vil vonleg bli til gagn for framtidige Hallaråkerfolk.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php