Ko ko
«Er du heilt koko?» Dersom du får det spørmålet, har du gjort eitt eller anna tullete, kanskje bort i det senile. Eller kanskje var du berre litt utanfor ein augneblink. Her på våre kantar har gjerne folk vorte kalla gaukar dersom dei fær med skrøner og vitsar. Gaukeprat er tøys og tull. Er du usamd? Gauking er noko anna. Det er å selje heimebrent, altså ulovleg omsetnad av sprit.
Den stakkars gauken vert mistydd og dårleg omtala. Han er ein snyltar får vi vite og ein forderveleg splint som fer rundt og verp egga sine i småfuglreir. Nei, ein gauk er ikkje meir umoralsk enn ei linerle. Vil han føre slekta vidare, kan han ikkje leggje egg i eige reir. Han har eit kosthald som dei søte små ikkje kan få i seg, store hårete larvar! Skal gaukeslekta bli ført vidare er det småfuglar som må svi, altså kasta ut av eit reir til fordel for ein gaukunge. Så er det eit småfuglpar som må fore ein grådig gaukunge til han forlet reiret.
Gauken er korkje koko eller kjeltring, han er gauk og seier ko ko. Mor mi fortalde at ho ein gong høyrde ein gauk som stamma. Han «song» ikkje» ko ko», men» koko koko».
No ventar eg på gauken. Han kjem nok i år også. Eg plar seie at garden er så stor at vi held oss med eigen gauk. Når han er her, er det sjeldan han set seg ned nær husa, men det har hendt at han har vagla seg på klestativet. Eg har høyrt at desse verprofetane finn ut kva slags sommar det vert ut frå kva himmelretning han gjel frå første gongen. Det er no heilt ko ko for ikkje å seie kokeliko for det om han gjel i sør, vert det i nord for dei som er sør for gauken.
«Jeg gikk en tur på stien og søkte skogens ro.
Da hørte jeg fra lien en gjøk som gol ko ko… » Det vart avsluning med gauketur.
