Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kva skal ein ta inn over seg?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 11. mai , 2011

Med alle dei inntrykka ein får i dag, er det ei viktig problemstilling: Kva skal ein ta inn over seg? I mange høve reflekterer ein ikkje i det heile. Hender noko nær deg, tek du det innover deg. Du er ein medeigar og nektar det ikkje. Dersom du nektar for det som skjer rundt deg, er det noko gale fatt, med deg.

Eg hugsar ein mann som vart gift inn i slekta. Han var over middagshøgda då han gifte seg med ei eg var i familie  med. Vi fekk inntrykk av at han hadde levd eit liv som sjømann der han hadde teke til seg ein god del av «det våte».  Det var ei skipskatastrofe som var velkjend for dei  fleste: Kollisjonen mellom «Andrea Doria» og «Stocholm». Denne mannen vart svært opphissa viss vi nemnde  ulukka. Han påstod hardnakka at det ikkje hadde skjedd. I hans verd hadde ikkje denne hendinga funne stad!

Skal vi ta inn over oss at det er krig mange stader i verda? Kva med store ulukker som tsunamien i Japan? Eg synest det er vanskeleg å late vere å engasjere seg. Det er stor skilnad på å vere blasert og kjenslekald og  verkeleg engasjert.

Dei fleste av oss har vel ein innebygd»motstand» som hindrar at vi kollapsar når inntrykka strøymer på oss.  Vi kan ikkje ta inn over oss alt, men isolerere vi oss og stengjer heilt av,  er det truleg verre.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php