Bro bro brille
Eg likar bokstavrim. Det ser eg journalistane gjer også. Men det var leiken eg skulle skrive litt om i dag. Denne leiken hugsar eg frå mi barneskuletid. Var det dårleg ver, fekk vi vere inne, på skuleloftet. Då kunne vi leike Bro bro brille. Eg skal ikkje gå i detalj om leiken, men eg vil sitere etter minnet det vi song :
«Bro, bro brille, klokken ringer elleve. Keiseren står på sitt høyeste slott, ser ut over land, ser ut over strand. Fare, fare krigsmann, døden skal du lide. Den som kommer aller sist skal i den sorte gryte.»
Når ein så vart fanga, fekk ein eit val. Det kan vere at desse vala var ulike frå gong til gong, men det eg hugsar var spørsmålet: -Kva vil du ha av ei solsteikte kake og ein opphengde orm! Ein visste snart at den solsteikte kaka var ei kurue og den opphengde ormen var ein spekemôr. Kven som representrerte kva, visste ein ikkje før ein vart plassert bak ryggen på den eine av dei to som danna brua. Så var det tilslutt å halde rundt den som stod framanfor og drage til kvar sin kant og få eit vinnarlag. Tenk om det var ingen som ville ha opphengd orm, men det skjedde aldri. Vinnarlaget kunne gjerne bli «solsteikt kake».
Under denne leiken var det kroppskontakt, det var rørsle, det var song og rytme, spaning og – konkurranse. Trur det var suksessfaktorar som gjorde leiken populær i generasjon etter generasjon.

Idunn Said,
mai 8, 2011 @ 21:09
I min barndom var ikkje spørsmålet så finurleg! (is eller brus?)
Harald Petter Said,
mai 8, 2011 @ 22:15
Har hatt ei mistanke om det:-)