Sett frå Kyrkjegløsen
Eit hyggeleg besøk den første maidagen vart avslutta med ein tur på Sundalsåsen. I dag er det bilete av Fyrdslandet. Inst i Austefjorden heiter det Fyrde. Det er ingen som heiter Fyrde, men Førde, og namnet finst også andre stader lenger sør på Vestlandet. Byen Førde vil vere kjend. No er det ingen som etter dialekta seier Fyrde eller Førde, men /Føre/. Når eg skal til Fyrde så seier eg at eg skal ned til Føre. Slik er det no med det. Utsikta er frå Kyrkjegløsen som ligg berre eit lite steinkast frå det som heiter Gløsen, og som eg har vore innom før.
Det er to vårglade systrer som står på kanten av stupet, men det er ingen fare for mennene deira står og passar på at dei ikkje går for langt mot avgrunnen. Ein kjekke dag har det vore med synfaring på vegarbeidet og inspeksjon av paddetunnelane i Fyrdsvikane. Elles vart det tur til Bjørke, og ein kikk på den store jettegryta ved inngangen til Leiratunnelen og kraftverket.

