Berre ei græle
Er du så heldig at du bur ved sjøen eller ved ein stor eller liten innsjø, kan du sjå græler. Græler er som små rukker på ein duk, men i motsetning til rukkene så fer grælene bortover vatnet. Græler er småbårer, koselege bylgjer. Dei fortel at det er ein liten vind som stryk over og lagar desse bårene.
Sunnmøringane er som folket som budde her for 1000 år sidan, dei kan dette med understatement, eller underdriving på norsk. Ola kom frå sjøen då han møtte grannen.» Har du vore ute på sjøen i den fæle vinden? «Å». sa Ola, «Det va no berre ei lita græle!»
Eg kom på dette ordet i dag då eg hadde meg ein liten pause utanfor huset og sat såg bortpå dammen i hagen. Det bles litt, men der var inga græle. Dammen er nok for liten til at der vert anne enn litt rørsle i overflata. Av og til saknar eg å sjå eit vatn slik eg gjerde det i oppveksten. Det er verre for kona for ho saknar fjorden. Der var det ofte meir enn græler!
