Pontius Pilatus
«Pint under Pontius Pilatus». Slik lyder det i truvedkjenninga. Mange har spekulert ein del over denne Pontius, kven var han eigentleg? Han var romar, han var soldat og eit menneske som eg og du. Eit menneske som stilte spørsmål: Kva er sanning? Eit menneske med veikskapar som menneskefrykt, ærekjensle, makt-og avmaktkjensle.
I Pasjonsspelet i Oberammergaqu 2010 var han først og fremst ein rå soldat. Han var feig, redd for å misse makta si. Kva ville keisaren seie dersom han gav Jesus frå Nasaret fri? Men samstundes viste han forakt for dei leiande jødane. INRI stod det å lese over hovudet på den tornekrona. Kongen over jødane! Kva meinte Pilatus med det?
Pontius Pilatus, pinaren, her eit andlet, eit menneskeandlet som mitt og ditt. Var han ein reiskap, ein naudsynt person i dette dramaet? Så lenge morgon renn og sol går ned vil Pontius Pilatus bli hugsa, nemnd og grubla over.
