Eit kvile
Du las rett, det er eit inkjekjønnsord. Vi fann og framleis finn desse kvileplassane ved setreråsene. Setrevegane kunne vere lange og tunge for dei som skulle vere budeier på setrane. Då var det godt at det fanst plassar der ein kunne setje seg ned på ein flat stein, gjerne også med eit ryggstø av stein. Då kunne ein også få lette den børa som hang over skuldrane.
Var det lang veg til setra, kunne det vere fleire slike kvileplassar og kvar gard hadde sin plass. Kvileplassen heitte eit kvile og desse kvila vart gjerne nemnt som første andre eller tredje kvilet. Eg hugsar frå min barndom at vi snakka om nedste og øvste kvilet. Kva vi kalla det i midten, hugsar eg ikkje. Ved setreråsa til den garden eg no bur på, er det berre eitt kvile og det er når det nærmar seg der lendet flatar ut inn mot setra.
Kva gong eg fer framom på setreveg, ser eg på kvilet. Det er sjeldan eller aldri eg set meg ned, men eg hugsar i vørdnad på dei som streva seg fram på stien og trong å puste på ei rid.
