«Besso de»
Du anar fred og ingen fare, og «besso de» skjer det eit kvart uventa. Det er ikkje alltid så greitt å finne ut av korleis ein skal skrive på forståeleg norsk det ein hiv ut av seg . Best det var, er eit alternativ. Best som ein står der, så ligg ein der osv.
Ein må vere budd på det meste, grensa mellom katastrofe og suksess er uhyre tynn. Når leiken er som best, kan ulukka vere nær. Når ungar leikar seg, kan det gå vilt føre seg. Brått er det heile snudd til gråt og naseblod. «Det endar med gråt», brukte mor å seie når det det vart for mykje av spetakkel og «søsing».
Lynet slår ikkje ned i utedoen, trudde Mattis i «Fuglane». Difor sat han på do når det var torever. Vi veit at så enkelt er det ikkje. Du kan ikkje gøyme deg for alt. Ofte har vel tankeløysa ført oss opp i situasjonar der risikoen for fadese er stor, men etterpåklokskap hjelper ingen. Det finst inga ekte livspolise. Livet er og blir ein risikosport.
Når alt dette er sagt, så tenkjer eg på dei som med vitande og vilje utset seg for fare der risikoen for å mislukkast er ganske stor, sjølvom det er folk som «tikst vite kva dei gjer». Fjellklatring i Everest, fallskjermhopp i Trollveggen, rafting i flaumstore elvar, russisk rulett!
