Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kan ikkje plitte seg

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 21. mars , 2011

Brått dukkar det opp eit nytt ord eller uttrykk ein har høyrt. Det er ofte vanskeleg å forklare slike dialektfraser, men ein veit som regel å bruke dei rett. Glosa i dag vart brukt i kvardagslaget når det hende noko uventa. Han vart vel litt  overraska han som var ute og køyrde med hest og kjerre og vart så forfjamsa at han snakka bakvendt: » Prooo, skåka, merra gjekk av i hola!»Kan ikkje plitte seg, veit du.

Har søkt på ordet plitt og då vert det brukt annleis, i tydinga heilt. Plitt åleine. Ordet må nok kome ein stad frå. Det er no vel ikkje eit tulleord?  Ungdomen i dag brukar ikkje uttrykket. Vassendgutane som brukar dialekt si i låtane sine, er likevel truande til å bruke det. Eg ville ikkje ha brukt ordet i samband med større ulukker, då vert det heller komisk, som eit understatement, mest. Men ein kan vel bruke det når kakaoen kokar over eller ein misser lommeboka i do.

Eg har ikkje, som nokon eg kjenner, gått systematisk til verks og samla gamle uttrykk. Eg tek det heile på «innfallsmetoden» og tastar litt om dei og rundt dei.

Til slutt var det han som låg på fjorden og fiska og brått såg tollekniven nede i sjøen. «Tvi, der for han», og dermed spytta han ut tollekniven som han hadde mellom tennene. Då ville vel også dagens uttrykket høve, slik i etterkant.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php