Follabloggen

Velkommen til min blogg

Greinaløyse og larv

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 17. mars , 2011

Det hender at folk får den lite ærefulle karakteristikken «greinaløyse». Ein greinalaus person har ikkje orden på det han gjer, har kanskje ikkje orden på livet sitt i det heile. Er det «grein» på noko, så er det i orden eller slik det bør vere. Det har ikkje noko med grein på eit tre å gjere. Du kan ikkje lite på ein greinalaus person for han  .kan seie eitt i dag og noko anna i morgon

Greinalause folk er farlege og bør ikkje setjast til ansvarsfullt arbeid og slett ikkje til jobbar der ein må vere heilt nøyaktig og følgje oppsette prosedyrer. No kan det vere slik at ein er greinalaus på eitt om råde, men påliteleg på eit anna. Ein kan også gjere noko som er heilt greinalaust utan sjølv å vere ei greinaløyse.

Ordet fører meg til andre omgrep som det er i slekt med. Ordet larv står i ordbøkene og er eit sterkt ord for noko som er ille eller dårleg. Ein person kan også vere ein larv, eit menneske som oppfører seg larvete og sjølv vere ein larv, ein skurk, eller illmenne som det heitte i Heimskringla. Til dagleg er det heldigvis slik at eg ikkje kjem så mykje i kontakt med slike ein kan kalle larvar, men eg er stendig bort i noko som berre er larv.

I bygdene her hadde folk eit eige ord for ei bygning som var sterkt til nedfalls eller skrøpeleg på alle vis. Det var ei vàknekkje. Eg er usikker på skrivemåten for ordet står sjølvsagt ikkje i ordlista.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php