Minne frå framhaldsskulen V
Dette vert siste bloggen om framhaldsskuletida, førebels i allfall. Eg har tenkt litt på kva eg lærte dette året. Det vart arbeidd mykje med bokføring kan eg hugse. Det var eit nytt fag for meg, og det vart mest som eit lite handelsskulekurs. Avslutninga vart diverre noko skjemd av eksamen og det som hende der. Læraren gav seg til å repetere eitt eller anna før det vart starta opp med sjølve eksamen. Det var ikkje bra for konsentrasjonen. Dessutan var det ein feil i oppgåva som skapte forvirring, ei ombytting av kreditor og debitor, men eg kan dessverre ikkje gjere greie for detaljane i dag.
Dette var også første året eg fekk undervisning i engelsk. Læraren var som sagt norskdomsmann og var særleg oppteken av å lage gode omsetjingar til nynorsk! Totalt sett, trass i alle avsporingar, fekk eg lyst til å gå meir på skule etter dette året.
Når eg tenkjer på alle lærarar og førelesarar eg har hatt, så var Bjørn S. ein fargeklatt. At han var ein rotekopp fortalde kateterskuffa meg. Der var det nok av halvetne kakeskiver! Ordenssansen hans fekk også husvertane oppleve, men no er det vel nok negativt.
Det er mykje meir fortelje om m.a. om då han kjøpte seg moped og naturlegvis måtte få eit uhell det vart snakka om.
Eg skulle gjerne hatt den teksta han laga til ein melodi han var særleg glad i, Londonderry Air, eller Danny Boy. Derimot var det ein artist han mislikte sterkt, Louis Armstrong. Det var nok røysta han hengde seg opp i.
