Vårteikn II
Eg ventar på Jasegeita. Ho er eit sikkert vårteikn. Dukkar ho ikkje opp ein gong ut i mars, er det teikn på ei økologisk katastrofe. No veit eg at Jasegeita ikkje finst. Dei gamle, foreldregenerasjonen min og lengre bakover snakka om denne Jasegeita, eller Harehukra. Jase er eit anna ord for hare, og geit tyder på at det er noko av hokjønn.
Eg ventar på lyden av dette vesenet i tidlege morgontimar. Når ho først set i gong, kastar ho ut i lufta sine ho-ho-ho-ho.
Perleugla, seier dei som har vit på det. Eg trur heller det er ei vanleg kattugle for det veit eg det finst her på garden. Eg veit også i kva for område ho held til i. Der vart det sett opp ein holk i eit tre for mange år sidan av ein lokal hobbyornitolog.
Det er altså ugla eg vantar på. Eg vert nok ikkje uglesedd når eg seier dette, for eg trur ikkje det er ein einaste i bygda som trur på Jasegeita lenger.

Fredrik Nordenskjöld Said,
februar 20, 2018 @ 08:29
Vad är hukra?