Follabloggen

Velkommen til min blogg

Barndomsminne 3

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 13. desember , 2020

12. des.

Når ein har levd i trekvart århundre, er det mange julekveldar å minnast. Då er det pussig at eg ikkje kan skilje ut ei  ut ein einaste å fortelje om. Barndomens julekveldar var heime hos far og mor på Kalvatn. Fire syskjen, mor og far og ofte tante Oddlaug. Same programmet kvar jul. Om det var kvit eller grøn jul, minnast eg heller ikkje, men det var truleg snø for barndomens vintrar var snørike.

Vi reiste aldri til kyrkja på Fyrde julaftan, og der var heller ikkje gudsteneste då. Vi høyrde ikkje kyrkjeklokkene når klokka vart fem. Det var i så fall på radioen. Middagen som alltid var pinnekjøt, vart kalla julaftasteik,  var unnagjord på kjøkenet før fjøstid. Så gjekk foreldra i fjøsen. Vi borna hjelpte gjerne til med fjøs-stellet når vi vart store nok, men denne kvelden slapp vi alltid det. Programmet gjekk vidare nokså snart. Eg kan ikkje hugse om vi gjekk rundt juletreet før pakkeutdelinga, men juletregang var obligatorisk.

Julekvelden vart den lengste kvelden i året, og den gildaste. Mor fortalde at eg ei julenatt reiste meg i senga og sa i svevne: «Til og frå til og frå!» Undermedvetet arbeidde vidare med gåveutdelinga.

Første juledag var alltid eit antiklimaks for då måtte vi halde oss i ro, ikkje juleselskap eller leik i lag med andre born i grenda. Då vart det mest å leike med det vi hadde fått, eller kanskje lese i ei bok eller eit julehefte.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php