Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ny dag og nye tankar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 14. januar , 2020

Vi menneske har evna til å reflektere over eige liv. I dag vart vi i lokalradioen minte om at vi må tenkje på hjerna vår. Høyrt slikt?» Tenkje på» tyder då å gjere noko for å styrke henne.

Ja, kan vi gjere noko for å forebygge demens, alzheimer og kva fælt som kan heimsøkje oss? Mor vart aldri dement endå ho nådde ein høg alder. Var det fordi ho løyste kryssord, minte seg opp att på alle salmane ho hadde lært og heldt styr på slekta? Var det genane? Er det slikat vi ikkje kan gjere noko til eller frå, at det er genane som avgjer?

Eg lærte noko nytt i går. Når vi søv, så er det ein del av hjerna som ikkje søv, ho jobbar med lagring, arkivarbeid. Ja, og så drøymer vi. No har eg gløymt kva eg opplevde i natt, men det får så vere. Gløyming kan vere positivt.

No held det på og lysnar. Plenen nedanfor huset er grøn og vi skriv 14. januar.  På FB les eg kommentarane til dei som er på GC. Kva skal vi i Syden etter?

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php