Follabloggen

Velkommen til min blogg

Eit korminne

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 12. april , 2015

Vi er tilbake midt på 50-talet. Det er rart å tenkje på at det var så mange born i min barndoms bygd. I dag er der nesten ingen. To av personane på biletet har gått bort. Det var forresten fleire born som sokna til skulen i bygda som ikkje er på biletet. Kvifor veit eg ikkje. Dette er på troppa til eit hus på Søre Kalvatn. Mannen i huset held korøvingar oppe på loftet der det stod eit trøorgel. Kva vi song hugsar eg ikkje. Hugsar heller ikkje om vi tok del på arrangement med songen som truleg var tostemt. Dei som står på lægste trinnet i trappa, var nok ikkje med i koret, men fekk vere med då koret skulle forevigast. Det er småsysken til kordeltakarar frå grenda.

Eg er den einaste som har lue, eller hue som eg vil seie.

På songøving i Klåregarden

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php