Ein lærer…..
Det er i livet sin skule ein lærer mest – i alle høve i min alder. Følgjande kan relaterast til dei siste fire vekene.
* Ein fiberoptisk kabel kan ikkje skøytast med gaffatape! Med eit hendig apparat kan kabelen «smeltast ihop». Har du sett ein slik tynn kabel? Ved hjelp av ein tynn tråd vert fjernsynsbilete og store datamengder overførte. Det er fascinerande!
* For 75 år sidan og seinare enn det, var ikkje glava eller steinullmatter tekne i bruk for isolasjon i hus. I staden vart bjelkelag fylte med leire/sand. Eg har hausta røynsle med kva det vil seie å fjerne slike massar frå eitt rom. Aldri meir! Tungt? Ja, men slik ei støvmengde! Ein pumpebil vil gjere prosessen lett og smertefri.
* Dei siste åra har eg gjort vedhogging til kosearbeid med hydrauliske vedkløyvarar. Så fekk eg prøve å bruke kløyvareøksa igjen. Det var ikkje småkubbar, men velvaksen låglandsbjørk og ei fure som stod fritt med tjukke greiner. Alt går for arbeid. God tørk!!
