Follabloggen

Velkommen til min blogg

Gap

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 14. oktober , 2014

Ein liten tass med caps. Store bokstavar på. GAP. Godt at vi har vorte globaliserte og forstår at det er eit internasjonalt merke. Kva det står for? Kan vere det same. No har eg oppdaga same «ordet» på innsida av ein gensar eg har. GAP der også.

Før vart det sagt at vi var gapne viss vi ikkje forstod det som alle måtte forstå viss dei hadde litt vit i skallen. No må vi vere meir varsame med kva vi seier til kvarandre. Det kan bli mobbing av slikt. Gjorde vi noko som var heilt uforståeleg eller tåpeleg, vart det gjerne kalla gapestell.

Ordet i vår tyding er lett å forstå ut frå at den som ikkje forstår noko, gjerne sit med open munn og ser uforståande ut. Eg har også høyrt uttrykket «gaptrast».

Mind the gap! Pass deg for gapen!

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php