Follabloggen

Velkommen til min blogg

I desse streiketider

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 23. august , 2014

Vi har hatt ein uvanleg sommar. Eg ser bort frå spillevatnet i det siste. Det er mange somrar å minnast, mange med regn, regn og skodde. I år treng ein ikkje dra til Syden for Syden har vore her. Eg vil tru at dei fleste har fått nyte denne sommaren.

No streikar lærarane. Nei, ikkje alle. Det er noko som heiter opptrapping. Vert ein ikkje samde etter nokre dagar, streikar fleire. Gjev ikkje motparten seg, streikar alle. Kjem ein så langt har dei streikande mist all sympati frå foreldra. Ja, det er eit sjansespel med ein streik som varer for lenge. Vonar at streiken er over i morgon.

Det er krig ute i verda. Fæle krigar. Vi høyrer, ser og les om bestialitet, forferdelege tilstandar og kjem på Garborgs ord: «Me lever midt i ei villmannstid med blinkande knivar og nevestrid og livet er som ein blod-draum………» . Vi er ikkje komne lenger. I ein krig snakkar ein også om opptrapping.

Eg hugsar vel framhaldet på sitatet, men let det ligge no. Det er så mange mørke skyer langt borte og nærare. Kva skal det bli til? Kva med dei som veks opp no, kva vil dei møte?

Vi lever i ei bakvendtverd. Streik går over. Liv og helse skal ikkje vere i fare. Eg vaks opp under den såkalla kalde krigen, har levd med redsle for krig som kunne kome. For mange er krig og følgje av krig og terror ein dagleg realitet.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php