Follabloggen

Velkommen til min blogg

For 200 år sidan, Del 2

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 21. mai , 2014

Om få dagar feirar vi 17. mai. I bygda vår er det tradisjon for å kranse ein bauta over austefjordingar som var kalla inn i samband med krigstilstanden mellom Danmark/Noreg og Sverige. Sjur Engjaberg, ein sambygding til Iver på Sunndalsfolla, fall ved Berby. Ein frå Håvika, lenger ute i fjorden, døydde etter påkjenninga ved reisa til svenskegrensa.

Folk kjende til at det skulle kallast saman til ei riksforsamling som skulle kome saman på Eidsvoll 10. april 1814 for å lage ei grunnlov. Etter ei gudsteneste i hovudkyrkja i prestegjeldet vart det valt to representantar som så i neste omgang skulle vere med på å velje utsendingar frå amtet(fylket). Det vart nok opplyst om kven som kalla inn til riksforsamlinga. Den danske prinsen Christian Frederik var norsk statthaldar ville svært gjerne bli norsk konge, men folk visste nok også at ved freden i Kiel vart Noreg gjeve til svenskane. Danmark/Noreg hadde vore på den tapande sida i lag med Napoleon.

Det måtte nok vere litt rart for folk at landet no skulle få konge i lag med Sverige, det landet ein hadde vore i krig med. Eg er elles noko i tvil om kor nasjonalt medvitne folk var om landet den gongen. Vi må hugse på at det var seinare i hundreåret vi fekk den nasjonale oppvakninga. Folk var nok mest interesserte i dei nære relasjonane, slekta og bygda.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php