For 200 år sidan. Del 1.
Er det eit alderdomsteikn når ein tenkjer for mykje på fortida? I det siste har eg fantasert mykje om 1814. Då vart Ivar Aasen 1 år og hadde sikkert lært å gå, men kunne nok ikkje så mange ord enno.
Her på bruket budde då Iver Jonsson og kona Siri. Det finst ikkje noko bilete av folka som levde her på denne tida. Fotografikunnskapen var ikkje oppfunnen. Eg veit såleis ikkje korleis desse menneska såg ut, men det eg veit, er at eg går rundt med ein arv etter tipptipptippoldeforeldra. Rart å vere det 7. leddet.
Det kunne vore spanande å reise attende til dette historiske året for å ta ein titt på eitt og hitt. Fjella ville vere attkjennande, men vegetasjonen var annleis. Skoggrensa var lågare. Det fanst truleg ikkje ei einaste gran og heller ikkje lerk. På 16- og 1700-talet vart mykje furuskog hogd her i bygdene og utskipa til Holland. Folket her levde av jordlappane sine, dei dyrka korn og hadde sikkert også fått kjennskap til poteta. Det var naturalhushald. Skulle dei til ei krambu, måtte dei ut på Land, Øyralandet, eller Halkjellsvik. Det heitte forresten Voldens prestegjeld. Når folka her på garden skulle til kyrkja, så måtte dei til Volda, og då måtte dei ro eller sigle. Vegar var skrøpelege greier. I Volda var det nok også ein doktor, men var ein så sjuk at ein trong lækjar, så vart det ei strabasiøs ferd. Men kva kunne ein doktor gjere den tida? Årelating?
Eg kjenner ikkje til om nokon på garden kunne lese og skrive. Kanskje husbonden, Iver, kunne. I tillegg til gardsdrifta rodde han fiskje og var rormann på åttring.
På Egset i Volda var det ein framtøk mann som hadde sett i gong med eit trykkeri og det vart gitt ut ei avis. Det var nok dårleg med postgang, så eg veit ikkje om han Ivar Jonsson las i dette avisbladet. Mange av gardane her i fjorden var kyrkjegods eller eigde av folk som ikkje budde her, men bonden på Sundalsfolden var sjølveigar.
Kva visste folket i bygdene her om det som gjekk føre seg ute i Europa desse åra. Kva visste dei om Napoleonskrigane, om det storpolitiske spelet og om hendingane på Eidsvoll 1814?
