Nok krim
Har funne ut at krim er ut, i allfall for meg. Nei, det var ikkje krisa på Krim som gjorde at no var det nok. Det seier eg no når det nærmar seg, og på Tv er det mange krimepisodar å sjå på. Krim i alle kanalar, meir og meir groteske scener av skamfarne kroppar og restar av menneskedeler.
Dette har eg kome fram til, eg som har lese Agathe Christie i alle år. Nei, hennar bøker er berre barnemat. Eg likar krimgåter, men eg har avsky for skildringane i dagens krimseriar.
Det er ikkje vanskeleg å bruke all si ledige fritid til å sjå på fjernsyn likevel. Ledig frå kva om du slik spør. Ja, frå nettbrett, pc og smarttelefon. Kjekt å sjå på han som blir droppa ut i villmarka, og som så skal finne fram til eit mål ved hjelp av kart og evt. kompass. Ein dag finn dei på at ein eller annan terrorist også er i farta, og at Monsen må vere så utkropen at han bergar seg. Då er eg ikkje med lenger.
Nei, no vil eg berre sjå på kjekke program, og med alle kanalane vi har, skal ikkje det bli noko problem. Må vel sjå på nyheitene og, sjølvom der også er krim. Skjer det eit mord, og det gjer det dagleg, så skal vi forast med alle slags opplysningar og mangel på svar.
