Follabloggen

Velkommen til min blogg

Hakk i plata

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 12. mars , 2014

Kvar dag, fleire gonger for dag får eg ein invitasjon på mobiltelefonen til å spele Jelly Splash. Det er ein app med eit spel. Eg held meg vekk frå alt slikt. Kva skal eg gjere for å stoppe uvesenet?  Han som sender invitasjonen, kjenner eg, og han meiner sikkert noko godt med invitasjonen. Men eg treng ikkje underhaldet meg med spel på mobiltelefonen. Hjelp ikkje at statsministeren driv med det i ledige stunder. Vil gjerne ha dette stoppa, men veit ikkje korleis det skal gjerast. Kanskje det er eit slag virus sidan det kjem att heile tida? Avsendaren sender nok invitasjonen til heile adresselista si. Kanskje det er fleire enn eg som også er irritert. Verst er det viss  det berre er eg som er så dum at eg ikkje får stoppa dette? Ja, det er skikkeleg hakk i plata dette. Eg er sjølvsagt så gammal at eg har opplevd hakk i (grammofon)plata på rett.

No er det nok ikkje berre han i Tyskland som hakkar. Trur forsyne meg at eg driv med det eg og, men på anna vis. Kan hugse at faren min fortalde same vitsane gong etter gong. Ja, faren er der for det og.

Siste: Fekk nett på nett ein ny invitasjon frå han i sør om å spele Pig & Dragon. Von dess.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php